Klatreparkinstruktør 2024
Me leitar etter nye folk som kan bli med i vår fantastiske instruktør-gjeng for sesongen 2024 og vidare!
18/03/2024
Les Meir...
Er du på jakt etter ein artig og innhaldsrik sommarjobb? Aktivitetssesongen startar tidleg mai og avsluttast medio oktober. I perioden medio mai til og med august og gjerne helgar på hausten søkjer me ein pliktoppfyllande, positiv og effektiv medarbeidar som skal vera med å bidra til at våre gjestar får eit minnerikt opphald.
Stillinga er del av booking-, sals- og marknadsavdelinga der Leiv Kenneth Nilsen er leiar.
Søknad sendast: leiv@vossactive.no snarast
Søknad må innehalde CV og referansar.
Lønn og oppstart etter avtale
Voss Active er ei av dei største aktivitetsverksemdene i Noreg og har i over 30 år arrangert opplevingar for turistar, lag og firma. Vi tilbyr eit rikt og spanande aktivitetstilbod som til dømes rafting, elvebrett, fosserappellering, juvvandring, klatre- & ziplinepark samt utandørs boblebad og vedfyrt badstove.
Sommaren 2023 utvida vi og kan stolt ynskja gjester frå både inn- og utland velkomne til designhotellet Elva Hotel. Vi tilbyr ei komplett pakke som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur.
Me leitar etter nye folk som kan bli med i vår fantastiske instruktør-gjeng for sesongen 2024 og vidare!