Bookingvilkår

Bookingvilkår

Generelle vilkår

  • Vi aksepterer kontantar og følgjande kredittkort: Visa, Mastercard, Maestro og Diners.
  • Faktura berre ved førehandsavtale, og då betaling pr. 10 dagar.
  • Bestillinga er bindande ved:
    • Betaling av arrangementet med stadfesta godkjent transaksjon. Ta vare på utskrifta.
    • Skriftleg stadfesting frå Voss Active.

Aktivitetar

  • Voss Active AS tar atterhald om endring eller kansellering av arrangement grunna vasstand eller vêrtilhøve.
  • Turar kan verte kansellerte eller flytta om vi ikkje har mange nok gjestar påmeldt til å gjennomføre aktiviteten.
  • Dersom Voss Active AS kansellerer, skal vi tilby alternativ aktivitet om mogleg. Kunden kan velje å trekkje seg frå bestillinga og vi refunderer 100%.
  • Deltakarar er sjølv pliktige til å innhente informasjon om våre aldersgrenser, krav til fysisk helse osv.
  • Mindre justeringar i tal kostnadsfritt inntil 72 timar før innsjekking.
  • Det vert kravd betaling for bestilte plassar som ikkje vert nytta!

Avbestillingsvilkår

  • Total avbestilling kostnadsfritt seinast fire veker før arrangementet/ opphald.
  • Avbestilling fire til to veker før arrangementet/ opphald: Vi refunderer 80 % eller fakturerer 20 % av bestillingas totale verdi.
  • Avbestilling to veker til 24 timar før arrangementet/ opphald: Vi refunderer 50 % eller fakturerer 50 % av bestillingas totale verdi.
  • Avbestilling seinare enn 24 timar før arrangement/ opphald: Ingen refusjon eller 100% faktura av bestillingas totale verdi.
  • Ved avbestilling ber vi om at kopi av bestillinga vert send skriftleg til Voss Active AS med eventuelle vedlegg.
  • Avbestilling ved sjukdom/skade: Må stadfestast av lege. Kostnadsfritt så lenge vi er varsla innan arrangementet startar.