Eit heilt spesielt hotelltilbod på Voss som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur.
Elva er eit lite designhotell med 14 rom og består av eit hovudbygg og fem unike småhus, alle med fantastisk utsikt mot vatn, skog og fjell. Usjenert sjølv om det ligg sentralt. Vakkert og vilt, året rundt.
Kvar bygning har fått namn etter ei elv på Voss, og kvart rom har fått namn etter kjende fossar og stryk i desse elvene. Strandaelva er hovudbygninga med fire hotellrom, konferanserom og restaurant – alle med vidsyn over Lundarvatnet og fjella bak. Her er også sportskafé, bar, boblebad av høgste kvalitet og vedfyrt badstove.
Fire av dei frittliggjande småhusa har frå to til tre rom stabla oppå kvarandre, desse heiter Myrkdalselva, Raundalselva, Vosso og Teigdalselva. Småhuset som ligg heilt framme ved vasskanten har berre ei eining og heiter Tvinnefossen – spektakulært akkurat som den mest kjende fossen på Voss. Alle romma i desse bygningane har store dobbeltsenger plassert i nisje ytst mot vindauget og nokre rom har i tillegg dobbeltseng på hems.
Hotellromma har plassbygde møblar frå Styve møbelsnikkeri, norskproduserte møblar frå norske designarar mellom anna den kjende lokale designaren Torbjørn Afdal, seng frå Wonderland, kvalitetsdyner og -puter. Hos oss skal du ha det godt og sove godt.
Alle rombestillingar er inkludert frukost, men sørg for å bestille middag på førehand. Sjølv om restauranten kan bestillast når som helst, kan fristen for bestilling variere.
Me anbefaler å legge middag til i bestillinga di når du bestiller rom, dersom du veit du ynskjer å ete middag i Elva Restaurant.