Parken ligg i naturskjønne omgjevnadar like ved Strandaelva i Åsbrekkegjelet.
Løypene er varierte, morosame og utfordrande for både born og vaksne.
I parken er det over 60 element fordelt på fire små løyper for dei over 100 cm, i tillegg til to store løyper og ei ziplineløype for dei over 140 cm.
Helger: 10. mai > 12. okt
(untatt 17/18 mai)
Kvar dag: 21. juni > 31. aug
Ekstra Opningstid:
29. & 30 mai
9. juni
haustferie 4. > 12. okt
Bestill online her
«Drop-in» gjestar er ikkje garantert plass
*Opningstider kan variere noko avhengig av vær
Parken opnar kl. 10:00*
Siste innsjekk kl. 15:00*
Normalt stengar parken 2 timar etter siste innsjekk
Innsjekk 15 minuttar før bestilt klatring
Varigheit: 2-3 timar
Gode sko
Kle etter vær høve
Delta på instruksjon
Utfordre dine balanseferdigheitar gjennom skogen frå tre til tre i dei store klatreløypene og suse gjennom lufta i ziplineparken.
Vel om du ynskjer å utfordre dine balanseferdigheitar gjennom skogen frå tre til tre i dei store klatreløypene eller om du ynskjer suse gjennom lufta i zipline-løypa.
Dei små løypene høver for mindre born, eller for dei som tykkjer dei store løypene vert for tøffe. Langs mikroløypa er det mogleg for foreldre å fylgje borna frå bakkeplan og hjelpe dei om nødvendig.
Dette området er hovudsakleg for born men vaksne kan og delta.
Mikro løypa er kun 1-2 meter høg og perfekt for mindre born og mens lita løype er 6-7 meter over bakkeplan og passar for born som ynskjer litt større utfordringar. Alle løypar avsluttast med ei zipline!
Ver venleg å lese reglane våre, om vaksen tilsyn, før du bestiller!
(maks 2 born per vaksen)
( i klatreparken, men treng ikkje bli med i løypa)
(maks 3 born per vaksen)
( i klatreparken, men treng ikkje bli med i løypa)
Har du planar om å besøke parken fleire gonger i løpet av sesongen, kan det svare seg å kjøpe sesongkort som kan nyttast heile sommaren.